Selv har jeg ikke handlet av Sturle, og jeg har stor tro på at det går fort og smertefritt på en profesjonell måte. Jeg ser utrolig mye positivt om han på forumet om han. Men det han tilbyr er ikke nok for å få dette til å nå en kritisk masse. Moren min ville ikke ha den samme tiltroen om hun gikk inn på den nettsiden. Da man snakker kritisk masse, har innpakkingen mye å si.
Eg skulle gjerne gjort meir utav det, og eg kjem til å gjere meir utav det so snart Skatteetaten og Skattedirektoratet kjem til fornuft. Slk det er no forstår eg heller ikkje korleis Bitcoinsnorway kan drive komfortabelt, og dei kan ikkje ha verksemder som kundar. Då kjem mva-problematikken inn for fullt. Skatteetaten/Skattedirektoratet kan ikkje svare på om ein børs er ein forhandlar, formidlar eller ein agent. Det er avgjerande for kven som skal vere mva-registrert og rekne ut mva på handlane. Uansett treng ein å vite kven ein handlar med om ein skal rekne mva rett, og det utelukkar ein handelsplattform der det ikkje er kjent. Med mindre det er handelsplattformen som skal rekne mva, men då må du brått ut med 25% mva på alle handlar gjennom Bitcoinsnorway. Dette kan ikkje Skatteetaten svare på pr i dag.
Heile mva-greiene er eit stort surr. Skattedirektoratet prøvar å hamre inn ein skrue med ein hammar. Dei målar seg inn i eit hjørne i ei fantasiverd, og nektar å ta kontakt med den verkelege verda utanfor. Det kan til dømes hende at eg kan sleppe unda mva dersom eg sel gjennom Localbitcoins, men ikkje dersom eg sel gjennom mi eiga nettside. So lenge dette tullet held på, vil ikkje eg investere for mykje i noko eg kanskje berre må kaste etterpå.