Post
Topic
Board Skandinavisk
Re: Spørreskjema om Bitcoin i Norge[3vinnere vinner 0.1 bitcoin]
by
sturle
on 30/01/2015, 21:56:15 UTC
Ja, men virker som om skattedirektoratet tenker mere og mere på dette, nå har også safello fra sverige opprettet norsk konto og skal selge til norske kunder, så vi får jo se hvordan dette også går. Ja per dags dato er dette håpløst, men de må jo ta tak i elektroniske valuta ganske snart.
So lenge han gjer det frå Sverige og kundane i Noreg er privatpersonar, går det fint.  I Sverige er det fritak for mva på omsetning av betalingsmidlar.  Norske firmakundar må derimot rekne mva på sine kjøp frå utlandet.

Dette er det verste.  So lenge firmaet driv i utlandet, kan dei trygt selje bitcoin til nordmenn utan å tenkje på mva.  (Formelt sett skal dei mva-registrere seg i Noreg, men det er nok vanskeleg å handheve so lenge firmaet ikkje er representert her med noko anna enn ein bankkonto.)  Akkurat slik konkurransevridning på finansielle tenester var det Stortinget sa dei ville unngå då dei harmoniserte det norske regelverket med EU og dei nordiske landa spesielt ved siste revisjon av mvalova.

Eg har forresten fått eit tilbod frå eit stort advokatfirma med mva som spesialfelt på ein juridisk gjennomgang av konklusjonen til Skattetaten om mva på bitcoin.  Det kostar 30000 kroner + mva.  Om fleire er med og spleisar, slår eg til.  Eg har allereie brukt minst like mykje på å finne vegar rundt dagens regelverk.  Det har stort sett endt med at advokatane ikkje forstår korleis Skatteetaten tenkjer, og ber meg spørje dei ut om detaljar.  Skatteetaten slit som regel med svara dei og, sidan det dei har sagt om bitcoin til no ikkje er konsistent.