Selv om det neppe ble berørt i denne høringen, så er det største politiske spørsmålet produksjon av elektrisitet og avgifter på dette.
Nei, det er heilt på sida. Kina har bygd massevis av gigantiske vasskraftverk dei siste åra. Under Tibet-platået har dei potensiale for vasskraft tilsvarande heile dagens kraftforbruk i Kina. Problemet er at dei ikkje har kraftnett til å transportere denne krafta til forbrukarane, so denne krafta får du nesten gratis dersom du er der ho vert produsert. Bitcoin-produsentane kan lett flytte utstyret sitt til der krafta vert produsert, og dei plasserer seg naturlegvis der.
I Noreg har vi eit godt utbygd kraftnett. Du kan kanskje finne eit eller anna lite hytte-kraftverk som er avslått når ingen er der, men store mengder stranda kraft, som i Kina, får du ikkje tak i.
Du kan alltids inngå avtale med ein kraftverk-eigar om å plassere utstyr der. Han betaler berre nettleige for den krafta han leverer til nettet, og du betaler berre avgifter for den krafta du får levert frå nettet. Det er dessutan rabattar for stort forbruk som er lokalisert nær produksjon, og datasenter får avslag i elektrisitetsavgifta. Når straumprisen er låg, som han har vore mykje i det siste, skulle det ikkje vere noko økonomisk i vegen for å produsere bitcoin her i landet. Det vert mva på dei bitcoina du produserer og sel..
Om digital valuta er fremtiden, er billig energi avgjørende. Fint om politikken først kunne handle om hvordan vi baker kake før den henger seg opp i hvordan den skal fordeles.
I dette tilfellet er det allereie avgjort korleis kaka vert fordelt, og det er ikkje nokon økonomiske hinder i vegen for å produsere bitcoin i stor skala her i landet. Problemet er kanskje at andre vil betale meir for straumen enn deg, og då vil sjølvsagt kraftprodusenten selje til nokon andre i staden. Det er slik ein marknadsøkonomi fungerer..