Post
Topic
Board Skandinavisk
Re: Høyring i Stortinget om Stortingsmelding nr 4.
by
sturle
on 28/01/2016, 09:49:10 UTC
Blanding av intervju med Sturles og omtale av moms-saken.
Hyggelig vinkling Smiley

http://www.nrk.no/sognogfjordane/vil-ha-momsfritak-for-digitale-myntar-1.12768524
Eg er ganske nøgd, men tykkjer fokuset er litt feil.  Journalisten ville absolutt vite kor mange bitcoin eg hadde, eller kor mykje eg hadde tent på dette til no.  Om det var hundre tusen eller ein halv million eller mange millionar.  Eg svarde mellom ein halv million og mange millionar, men dette er ikkje forteneste eg berre kan ta ut.  Av og til sel eg netto 100 BTC på ein dag, andre dagar kjøper eg netto 100 BTC på ein dag.  Eg må ha buffer for å handtere begge deler.  Det der kom ikkje fram i artikkelen.  Samt at den roboten som tente meir på ein månad enn eg gjorde på eit år, gjekk på MtGox.  Han dreiv fleir-valutahandel i kopla ordrebøker, som berre kunne gjerast der, og utnytta at MtGox regulerte valutakursane sine ein gong i døgeret, 12 timar etter at dei nye kursane MtGox brukte var publisert av ECB.  Vi var berre to som hadde oppdaga dette, og dermed var det gode pengar å tene.  Uansett vart mesteparten av fortenesta liggjande att i Japan. Sad  No er det so mange robotar om beinet på børsane med god nok likviditet at avkastninga på investert kapital vert for liten.

Det er ein artikkel i Firdaposten i dag.  Eg bladde opp og fann eit gigantisk arkivbilete frå Movember 2013 (eg aksepterte donasjonar til Movember-barten med bitcoin).  Det var sopass sjokkerande at eg ikkje har tort å opne avisa att.  Eg har ikkje ikledd meg bart korkje før eller sidan. Embarrassed