Noen som vil hjelpe en forvirra nybegynner?
Jeg er interessert i å mine altcoins men er litt usikker på hva jeg skal se i en laptop (kjøpe ny/brukt) når det gjelder å få den beste hashrate ut av pc'n til mining.
Noen som kan gi meg noen tips?
Jeg er gammel miner, jeg kan give dig et par tips.
Først må jeg spørge:
Vil du mine for at få profit? eller vil du bare lære noget omkring at mine?
Ja takk begge deler sa Ole Brumm:)
Jeg har lyst til å lære mer om å mine i hensikt for å få profit. Eneste jeg har prøvd ut er skybasert mining som jeg får profitt av, og jeg bruker MinerGate for å se hvordan pc'n klarer å prestere.
All hjelp tas imot med stor takk
Hei!
Eg har sjølv berre ein laptop (Lenovo Y-50) som eg brukar til vanleg bruk og samtidig til mining. Sjølv om eg ikkje har stor profitt lærer eg mykje om miningprosessar. Å mine på ein laptop kan vere risikabelt blant anna på grunn av varmeutvikling, men eg har mina i snart to år utan problem. Eg brukar 'Open Hardware Monitor' til å overvåke både CPU og GPU temperatur, og har i tillegg laptopen ståande på eit underlag med innebygd vifte som står på 50% styrke.
Du nemnde Minergate. Denne programvaren har eg brukt til å mine diverse Cryptonote algoritmar med både CPUen og GPUen min, men algoritmen er resistent mot GPU, så du får ikkje stor effekt av han. Når Minergate introduserte Ethereum mining til klienten sin, mina eg den ei stund òg. No om dagane minar eg 'Library Credits' (LBC) og 'Siacoin' (SC) med ccMiner programmet henta frå
http://cryptomining-blog.com/8214-official-ccminer-1-8-1-fork-by-tpruvot-with-siacoin-sc-support/. Eg minar ikkje solo, men i suprnova sin pool:
https://www.suprnova.cc/. GPUen min er ein nVidia GeForce 860M om du lurte på det.
I tillegg minar eg kryptovaluaten Burst ved å bruke den ledige plassen på harddisken min (ein kan kople til fleire HDDar for å klare å mine enda meir). Burst-mining utviklar ikkje varme i det heile tatt, og kostar nesten ikkje eit øre dersom du minar frå datamaskina som du likevel brukar til andre ting. Det er med andre ord ikkje problematisk i det heile tatt å mine Burst med ein laptop. Svært forenkla skal ein lage såkalla 'plotfiler' på HDDen éin gong, og deretter lese av filene i gjennomsnitt kvart 4. minutt (mining). Slitasjen på HDDane er i tillegg minimal. Du finn meg her om du ønsker å byrje med Burst:
http://forums.burst-team.us:4567/topic/1078/velkomen-til-burst.
Du kan altså bruke både CPU, GPU og ledig plass på HDD. Eg trur til og med det er nokre altcoins som eksperimenterar med å mine med RAM. Moglegheitene er mange!