Er man seriøs bør man ha kontakt med en regnskapsfører og revisor. I tillegg til å ha nok forståelse for økonomi til å tolke hvordan en bitcoins bedrift skattlegges.
Eg spurde Skatteetaten om dette for meir enn to år sidan. Først i sjølvmeldinga for 2010, deretter i eige brev til Skattetaten som seinare har gått vidare til Skattedirektoratet. Dei har ikkje svart endå, so uansett korleis folka dine har tolka dette er denne tolkinga svært usikker. Dei har neppe meir kunnskap eller autoritet enn Skattedirektoratet i skattesaker.
Bitcoin er ikkje ei vare (vare er definert som «
fysiske gjenstander, herunder fast eiendom, og elektrisk kraft, vann fra vannverk, gass, varme og kulde»). Bitcoin passar betre i sekkeposten tenester (definert som «
det som kan omsettes og som ikke er varer etter bokstav b, herunder begrensede rettigheter til varer, og utnyttelse av immaterielle verdier»), spesifikt elektroniske tenester («
fjernleverbare tjenester som leveres over internett eller annet elektronisk nett og som ikke kan anskaffes uten informasjonsteknologi, hvor leveringen av tjenestene hovedsakelig er automatisert»).
Eg kan ikkje sjå at Bitcoin har noko anna bruksområde enn som betalingsmiddel. Sjølv finansministeren kallar Bitcoin ein
virtuell valuta, og både valuta og omsetning av valuta er spesifikt friteke mva. Då er Bitcoin ei
finansiell teneste etter mvalova §3-6 (spesifikt «
omsetning av gyldige betalingsmidler», og friteke mva. Men her har Skattedirektoratet ikkje konkludert.
Du må attende til forarbeida for å finne ei slags forklaring på kva som er meint med
gyldige betalingsmidler og
finansielle tjenester.
«
Finansielle tjenester omfatter, etter vanlig språklig forståelse av begrepet, et vidt spekter av tjenester innen bank og finans. [...] I tillegg omfatter begrepet omsetning av valuta og finansielle instrumenter mv. samt investeringstjenester og valutamegling.»
Det finst òg ein definisjon av betalingsmiddel i Finansavtalelova:
pengesedler og mynter samt innskudd og kreditt på konto og elektroniske penger som definert i lov 13. desember 2002 nr. 74 om e-pengeforetak § 1-1 annet leddBitcoin er ikkje elektroniske pengar etter lovdefinisjonen pga måten nye Bitcoin vert generert på. Men det kan vere innskot på ein konto. Konto er definert som «
en betalingskonto i navnet på én eller flere kunder som benyttes for å gjennomføre betalingstransaksjoner» Problemet er at ein Bitcoin-konto ikkje har noko namn på seg og ikkje er tilknytt nokon finansinstitusjon, og kontoen er lommeboka som er under full kontroll av brukaren sjølv. Å kalle det ein konto i namnet på ein kunde kan difor vere å strekkje denne definisjonen for langt. Denne definisjonen vart skriven lenge før Bitcoin var påtenkt.
Eg er veldig interessert i å vite korleis rådgjevarane dine har resonnert seg fram til kva Bitcoin er. Og sidan de tek mva av salet (du hevdar at eg ikkje kan gå med overskot dersom eg har kontroll på mva av mitt sal), kvifor tek de ikkje 25% av salssummen slik lova krev? Du skriv at de kjøper bitcoins på internasjonale børsar, og då er det mva på heile summen når de sel tenesta vidare her i landet. Dersom Bitcoin er friteke mva som betalingsmiddel, er det heller ikkje mva på omsetninga av dei (mvalova §3-6).
Eg tvilar sterkt på at de har undersøkt noko som helst av lover. Til dømes har du til no ikkje skrive noko som er sant om kvitvaskingslova.