Post
Topic
Board Skandinavisk
Re: [ANN] Justcoin · Norges første Bitcoin-exchange
by
sturle
on 23/10/2013, 17:34:19 UTC
NRK har intervjua skattedirektøren og fått svar på MVA-spørsmålet.  I fylgje skattedirektøren er det mva på sal av bitcoin i Noreg.  Intervjuet vert sendt i P2 i morgonnyhendene i morgon, ein gong mellom 6:30 og 9:00.  Det er alt eg veit førebels.  Samstundes har Skatterättsnämnden i Sverige komme til motsett konklusjon.
Klarer ikke å la være å le av hvor absurd det er.
For privatpersoner også?
Det er ikkje mva på handel mellom privatpersonar.  Men firma som bitcoins-norge.no har eit problem..  Sjølv har eg ei omsetning (sal til privatpersonar) som er mykje større enn Justcoin.  Eg held låg profil og kjøper og sel med minimale marginar på fritida for å forsikre meg om at Skatteetaten ikkje kan seie at eg driv næringsmessig.  Dermed er ikkje mi omsetning mva-pliktig.  Eg skulle gjerne gjort eit firma ut av det og satsa meir dersom det skatte- og reguleringsmessige fekk ei fornuftig avklåring.

Mva på sal av bitcoin er heilt meiningslaust.  Det einaste bruksområdet Bitcoin har er som betalingsmiddel.  Bitcoin er ikkje ein ting.  Bitcoin representerer ingenting som vert gjort.  Bitcoin er berre tal i ei fil.  Sjølv eit kronestykkje har andre praktiske bruksområde enn som betalingsmiddel.  Det har ikkje Bitcoin.  Bitcoin er so reindyrka betalingsmiddel som eit betalingsmiddel kan bli.  Men Noreg, som einaste land til no, har altso komme fram til at Bitcoin ikkje er eit betalingsmiddel likevel.  Eg vonar skattedirektøren får tenkt seg om.

Fylg med på NRK P2 frå ca klokka 7 i morgon tidleg.