Post
Topic
Board Skandinavisk
Topic OP
Bergen lørdag 15. Februar: Debatt/Møte på Kvarteret
by
Jonny Heggheim
on 13/02/2014, 19:59:29 UTC
http://kvarteret.no/program/2216/helhus-bitcoins-ein-valuta-bygd-pa-hap-og-hype/

Helhus: Bitcoins- ein valuta bygd på håp og hype
Quote
Vil det koma ein dag då me kan nytta Bitcoins i daglegvarebutikken?

Sidan brukaren ”Satoshi Nakamoto” skapte Bitcoins i 2009, har den uregulerte valutaen både  skapt fridom frå det konvensjonelle banksystemet, men samtidig rom for kriminelle  aktivitetar. I avisene kan me lesa om store kontrastar: Frå suksesshistoriar om dei fyrste som  investerte og vart millionærar med prisoppgangen, til artiklar som knyttar Bitcoins til både  narkotika- og menneskehandel.   I ei tid der internett blir stadig viktigare, kva vil Bitcoins bety? Vil det framleis vere ein  uregulert valuta på sida av samfunnet, vil myndigheitene regulera det til døde, eller vil det rett og slett berre kollapsa?

Me har invitert Sturle Sunde, som driv sin eigen Bitcoinsbutikk, og IT-forskar ved  Vestlandsforsking, Svein Ølnes, til å drøfte sine tankar om framtida til Bitcoins. Følg med 15.  februar!