Ah, eg ser du har oppdatert denne i dag. Då får eg teste..
Eg kan jo teste den første URLen der, for den kan vel ikkje vere feil? (Ugyldige postdata, men dette er for demonstrasjonen sin del):
$ wget -nv -O- --post-data '' http://www.bitcoinsnorway.com:8400/ajax/v1/CreateAccount
Herifrå skjer det ingenting, og slik er det med alle om du brukar http i staden for https. Har du testa denne dokumentasjonen i det heile?
Nytt forsøk med https:
$ wget -nv -O- --post-data '' https://www.bitcoinsnorway.com:8400/ajax/v1/CreateAccount
https://www.bitcoinsnorway.com:8400/ajax/v1/CreateAccount:
2014-11-02 20:52:48 FEIL 404: Not Found.
Ja. 404 Not Found.
Men eg lurer på om det er enno meir tull med APIet no enn vanleg. GetProductPairs fungerte i går. GetTicker gjorde det ikkje, men eg prøvde med dei argumenta som stod i dokumentasjonen då (begge variantane {"ins":"XBTNOK"} som dokumentasjonen sa og {"instrument":"XBTNOK"} som stod i dømet, og so måtte eg bruke GetTicker, ikkje getTicker som det stod i dokumentasjonen. No ser eg det står eg skal oppgi productPair, ikkje instrument, og det fungerer betre. Tidlegare i dag fekk eg 404 på heile GetTicker, so det er tydeleg at nokon jobbar med saka.
For første gong har eg fått GetOrderBook til å fungere (merk at dokumentasjonen seier getOrderBook, og det fungerer ikkje). Trur eg då, for dette var veldig tynt.. Då kan eg få bitcoinsnorway attende på grafane mine i det minste.