Eg har forresten fått eit tilbod frå eit stort advokatfirma med mva som spesialfelt på ein juridisk gjennomgang av konklusjonen til Skattetaten om mva på bitcoin. Det kostar 30000 kroner + mva. Om fleire er med og spleisar, slår eg til.
Vil bare advare om at du ikke vil være spesielt mye lengre med en slik gjennomgang. Det eneste som har reell verdi i en krangel med Skatteetaten er en dom som de ikke anker.
Jeg blir gjerne med å spleise, men trenger mer informasjon om hva vi kan forvente å oppnå. For alt vi vet er jo dette bare et advokatfirma som tjener gode penger på desperate næringsdrivende.
Vi oppnår å finne ut om konklusjonen til Skatteetaten står på trygg juridisk grunn. Dersom han gjer det, må det ei lovendring til for å avskaffe mva på betalingsmiddel i Noreg, og vi kan spare oss utgiftene til ei rettssak. Krangelen med Skatteetaten vil då halde fram med detaljar, som kven som skal mva-registrerast og krevje inn mva ved handel gjennom børs, om ein kan trekkje mva av renter på lån frå på skatten, finne smutthol, osv.
Dersom advokatane derimot finn ut at Skatteetaten har tolka lova feil (og det trur eg dei har), då kan vi ta kampen direkte mot Skatteetaten i rettssystemet om mva på bitcoin som betalingsmiddel og mva på eventuelle gebyr ved betalingstenester basert på bitcoin. Sannsynlegvis vil Skatteetaten gi opp utan å gå til rettssak dersom dei ser at saka deira står for svakt.
Eg ser ikkje korleis eg kan komme utanom. Å gå til rettssak mot Skatteetaten og køyre saka sjølv i retten, trur eg ikkje er ein god plan.